About the Role
Sykkylven kommune søker ein handlekraftig og fagleg trygg brannsjef i 100 % fast stilling. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som vil kombinere operativ forståing, førebyggande arbeid og strategisk utvikling av eit lokalt brann- og redningsvesen med viktige samfunnsoppgåver. Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit brannvesen i utvikling – med kort veg frå idé til handling, tett samarbeid med dyktige deltidsmannskap og stor påverknad på korleis brann- og redningstenesta skal utviklast videre.
Stillinga er planlagt fordelt slik: 38 % brannsjef / leiar av brann- og redningsvesenet 38 % leiar for førebyggande arbeid 24 % førebyggande arbeid
Brannsjefen vil ha eit overordna ansvar for leiing, utvikling og systematisk styring av brann- og redningsvesenet i kommunen. Samtidig vil stillinga ha ei praktisk og fagleg rolle innan førebyggande arbeid, tilsyn, planlegging og oppfølging. Dette er ei stilling for deg som trivst både med leiing, struktur, fag og folk.
<...Ready to Join Through a Referral?
Apply now and get connected directly with the hiring team
Apply for this Position